I båthavna ligg det store verdiar som treng tilsyn
På årsmøtet i Bømlo Båtlag 7. 02. 2010 vart det vedteke at det skulle setjast i verk eit system med havnevakt i båthavna. Styret hadde saka oppe til behandling 18.02.2010 og vedtok ein vaktinstruks.
Den fullstendige vaktinstruksen og vakttabellen (oversikt over kven som har vakt og når) kan lesast ved å klikka på linkane under.
Vakttabell og vaktinstruks finst også som oppslag under fana Oppslagstavle på nettsidene her, og i båthavna.