For å få en bedre kontroll med havna har vi montert et kamera på topp av klubbhuset.
Vi har vært svært heldig med lite tyveri etc i havna vår, men har likevel funnet det nyttig å kunne ha en viss kontroll på aktiviteten i havna om det skulle oppstå noe uønsket på området vårt.
Ifølge regelverk skal vi ha en dokumentasjon på grunn til å sette opp kamera.
DOKUMENTASJON
KAMERAOVERVÅKING AV BÅTHAMNA TIL BØMLO BÅTLAG
Hovlandsvegen
- Formål
Å sikre og beskytte verdiane som Bømlo Båtlag og medlemmene har ansvar for i båthamna. Med dette vil laget forebygge/hindre tjuveri og hærverk på båtar og hamneanlegg.
- Grunngjeving
Bømlo Båtlag har gode rutinar for tilsyn i hamna. Det er sett opp lysmaster på kaiområdet. Medlemmene gjennomfører jamleg tilsyn etter oppsett vaktplan heile året. Dette har ikkje hindra tjuveri frå båtar i hamna.
- Informasjon
Det er sett opp informasjonsskilt to stader som varslar at området er overvaka med kamera.
Her vil det gå fram kven som er ansvarleg for overvakinga, og kontaktopplysningar dersom det trong for meir informasjon/opplysningar.
I tillegg vert dokumentasjonen med formål, nødvendigheit og anna informasjon oppbevart i klubbhus, samt lagt ut på båtlaget sine heimesider.
- Ansvar
Bømlo Båtlag v/leiar er hovudansvarleg for administrasjon og drift av overvakingssystemet.
Dersom det oppstår ein situasjon/hending som krev aksjon, skal leiar saman med hamnesjef vurdere tiltak og vidare handsaming.
Dei legg avgjerda fram for styret for endeleg avgjerd.
Ingen andre medlemmer skal ha tilgang til opptak frå kameraet.
Styret
Bømlo Båtlag